Jernbane

Regjeringa sitt forslag til reform inneber blant anna at jernbanenettverket blir eit direktorat, ein bestilar av jernbanetenester, og i praksis eigar av det som i dag er NSB sitt togsett og togverksteder. I tillegg skal norske linjer konkurranseutsettast i 6-9 anbodspakkar. At norske linjer skal konkurranseutsettast kan føre til eit dårlegare jernbanetilbod.

Det at vår samferdsminister ikkje vil seie noko om framtida til NSB er grunn nok til å gjere oss skeptiske.

Av erfaring frå andre transportsektorar kan ein sjå at dette fører til usikre lønns- og arbeidsvillkår for dei tilsette.

AUF vedkjenner problematikken innan den generelle jernbanestrukturen, men ser ikkje at konkurranseutsetting er ei løysing på dette.

Jernbanesektoren i Noreg burde beskyttast for å sikre eit godt klima- og miljøvennleg tilbod i heile landet der hensikta ikkje er å skape profitt, men å binde landet tettare saman.

AUF vil:

  • At NSB skal bevarast i si noverande form for å sikre eit betre tilbod i heile landet