AUF i Opplands sentralstyrekandidater - AUF

AUF i Opplands sentralstyrekandidater

Under representantskapsmøte på Gjøvik 11. juni valde AUF i Oppland einstemmig to kandidater som spelast inn til valkomiteen iht landsmøtet. Les meir om dei her:

 

Jan Halvor Vaag Endrerud (22)

Halvor er 22 år, kjem frå Gjøvik og arbeider i dag som presserådgjevar i AUF. I løpet av Halvor sine åtte år i AUF har han hatt fleire forskjellige verv i organisasjonen. Han kom inn i fylkesstyret i 2013, og har mellom anna sittet som utvalgsleiar og nestleiar. I perioda frå 2014 til 2017 var han fylkesleiar for AUF i Oppland. Halvor er eit politisk dyr og brenn for fleirfoldige saker, men nærast hass hjarte ligg klimakampen. Han er glad i idrett og har ein særleg kjærleik for Liverpool Football Club.

Ingrid Tønseth Myhr (19)

Ingrid meldte seg sjølv inn som medlem i 2011, men vart fyrst aktiv i 2014. Sida den gong har ho vore internasjonal utvalgsleiar og sit i dag som leiar av AUF i Oppland. Ingrid håpar å kome inn på fylkestinget etter valet i 2019. Ingrid har imponert i skuledebatter for AUF i Oppland og ber ei sterk politisk stemme, men er også oppteken av organisatorisk arbeid og forlet sjeldan kontoret før seint på kveld. Ingrid er glad i folk, går gjerne fjellturar og har Gro Harlem Brundtland som politisk førebilete.

Bli medlem i AUF